Eit noko
Eg ser framføre meg og eg ser ikkje noko særskilt, men eg har likevel ei kjensle av at nokon, eller kanskje eit noko, likevel ser meg og så tenkjer eg at nokon kan sjå meg, i mitt vesle liv, eg tenkjer at nokon kan sjå mitt vesle liv, til dømes kan sjå meg liggja på senga og pusta, at nokon kan sjå meg reisa meg og gå bort til vindauget, at nokon kan sjå meg stå ved vindaget. Men eg kan ikkje lenger stå ved vindauget. Eg kunne gjera det. Ein gong kunne eg stå ved vindauget og sjå ut og ein gong hengde eg opp ei tyllgardin framføre vindauget slik at det ikkje skulle vera så lett å kunna sjå meg stå framføre vindauget, men likevel, når eg stod der framføre vindauget, kjendest det ut som om nokon, eller eit noko, såg meg og eg høyrde ei røyst som sa
Eg ser deg, sa røysta
og eg svara ikkje på det, men eg dekka meg til med armane og hendene best eg kunne klara det, ein arm over brysta, og ei hand der nede
Eg likar deg, sa røysta
og eg svara ikkje og eg berre stod der og såg ut vindauget og så trekte eg gardinene for og sette meg ned på senga og så la eg meg ned på senga og eg låg naken på senga og det kjendest ikkje ut som om nokon såg meg og difor reiste eg meg opp og eg trekte gardinene frå og så la eg meg på senga og breidde dyna over meg, for sjølv om eg ikkje ville at nokon skulle sjå meg, ja så kjendest det mindre einsamt ut, på sitt merkelege vis, om nokon, eller eit noko, såg meg, i alle fall såg andletet mitt, og så låg eg der og lytta etter røysta og så kunne eg igjen høyra røysta seia at ho såg meg og at ho lika meg
Eg likar deg, sa røysta
og så vart det stilt, uendeleg lenge, slik kjendest det ut,
var det stilt
Likar du meg, sa eg så
Ja eg likar deg, sa røysta
Er det sant, sa eg
Ja, sa røysta
Likar du andletet mitt, sa eg
Ja, sa røysta
og så vart det stilt igjen og eg berre låg der og eg la meg over på sida og eg såg mot vindauget og nokon, eller eit nokon, såg meg, og eg lika det, og eg lika det ikkje, for nokon ser meg, eller eit noko, tenkte eg og så reiste eg meg, ja eg kunne reisa meg, eg kunne sjå ut vindauget, og nokon, eller eit noko, kunne sjå meg og eg eg kan ikkje lenger reisa meg, eg kan ikkje lenger sjå ut vindauget, eg finst ikkje lenger og eg ser mitt indre auga sjå inn i det som ikkje er, inn i det store tomme rommet av forståing, av kjærleik, eller berre av noko, av noko som er, av vindauget, av senga. Eg er som berre er tomt og som vil bli fylt, bli fylt ikkje lenger, tenkjer eg. Men eit noko er. Og eg er dette noko, kanskje er eg dette noko. Eg står og ser ut vindauget. Og nokon, eller eit noko, ser meg.
Jon Fosse

